Kva slags hund skal eg velje?

hund

Eg lurer på å kjøpe meg hund, men synest det er vanskeleg å velje rett rase.

Ofte får eg ulike opplysningar om same rase dersom eg les i ulike bøker, på nett eller spør folk som skal ha kjennskap til rasen. Korleis veit eg om ein rase passar til meg eller ikkje?
Helsing Roger

- Du må berre halde fram slik du har starta; å hente inn informasjon frå mange kjelder. Mi erfaring er at mange oppdrettarar ikkje er flinke nok til å informere om dei negative sidene hos “sine” rasar. På internett kan kven som helst leggje ut informasjon som fakta, så her er det viktig å ikkje sluke rått alt du les.

Det viktigaste når ein skal velje rase er å vere ærleg mot seg sjølv, slik at ein ikkje berre vel ein hund ein synest er vakker. Kan du til dømes verkeleg gje ein setter den mosjonen han treng, eller gidd du børste dagleg og bade kvar veke ein ihasa apso? Ein border collie kan verte verdas beste kompis, men får han ikkje nok hjernetrim eller anna utløp for instinkta sine, kan han like godt verte eit nevrotisk vrak som et føtene dine under bordet. Er du svak for bedande auge og glad i å ha kaker på bordet, bør du kanskje ikkje kjøpe deg ein springer spaniel, og dersom du bur i ei lita leilegheit og køyrer Morris Mini, er riesenschnauzer utelukka.

Spøk til side: Valet av rase vil bety mykje for deg i minst ti år fram i tid, så bruk tid på å velje rett. Mange rasar har òg helsemessige problem det kan vere greitt å vite om, det kan ein dyrlege fortelje deg meir om når du finn ein aktuell rase. Lykke til!

Helsing Hanne

Vist 47 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder