Naboen er ikkje snill mot katten sinI nabolaget vårt er det ein familie som har ein katt som eg ikkje synes dei steller som dei bør. Han går ute heile tida, er flokete i pelsen, og eg har fleire gonger sett at han går rundt og haltar med betente sår. Eg trur heller ikkje han er kastrert. Han kjem ofte på døra mi, og eg klarer ikkje å la vere å gi han mat. Det er så tydeleg han nyt å få komme inn litt, få litt kos og ete seg mett. Eg har tenkt på å ringe dyrevernet mange gonger, men er det nokon vits i? Kan eg ta han med til dyrlegen å få han avliva, så har han det i alle fall ikkje vondt? Dei han bur hos bryr seg jo ikkje om han. - For å ta det siste først; Nei, dyrlegen kan ikkje avlive katten utan tillating frå eigar. Då skal misleghaldet vere så graverande at avlivinga skjer av dyrevernmessige årsaker, og den terskelen er høg. Alle kan ringe inn ei bekymringsmelding til Mattilsynet, som er dei som har ansvaret for å ta seg av dyrevernssaker. Slik kontakt kan vere anonym. Din lokale dyrlege kan òg formidle vidare ei slik melding for deg. Situasjonen du beskriv kjenner eg dessverre altfor godt. Dersom ein som katteeigar kjenner seg igjen i eit slikt dyrehald, bør det vere ein vekkar at svært mange medborgarar vil vurdere deg som ein dyremishandlar. Helsing Hanne
Vist 48 ganger. Følges av 2 personer. | ||
Kommentarer
kanskje du kan snakke til naboen om korleis katten ser ut til å ha det, og sånt.
Stakkar! Men alle fortjena eit bra liv, vær så snill ikkje la dei avlive han :(