Berre eit dyr?

Eg fekk ein telefon frå ei dame mot slutten av arbeidsdagen i forrige veke; “Det ligg ein sjuk hund under noko buskas ved inngangen til asylmottaket på Krokane, han berre ligg og ser ikkje ut til å ha det bra”. Eg ba ho om ho kunne komme til dyreklinikken med hunden, men ho hadde ikkje tid og ville ikkje grise til bilen; det regna og hunden var våt og skitten. Eg satte meg i bilen og tenkte eg kunne sjå til han på vegen heim, så gale kunne det vel ikkje stå til med han?

Under nokre busker fann eg ein avmagra, våt og skitten liten hund. Eg kunne telje kvart ribbein og ryggrada sto ut som eit grotesk skjelett med eit gammalt skinn tredd utpå. Det rann puss frå begge auga hans, og munnen var berre eit betent kaos av brukne tenner og materie . Han prøvde å pipe, men det kom berre små ul or munnen på han. Han pusta med heile kroppen for å få luft til dei slitne lungene sine. Han var gjennomvåt, kald og skitten. Eg pakka hunden inn i eit teppe, og raste tilbake til dyreklinikken. Raste både fartsmessig og mentalt, over folk som kunne late dyret sitt ha det slik, og andre som kunne gå forbi i dagesvis og vekesvis utan å reagere.

Han fekk varme, intravenøs vøske, medisiner og næring. Han slikka handa mi til tross for at all kontakt han må ha hatt med menneske den siste tida i sitt liv må ha vore negativ. Han døde etter nokre timer, ein utsliten kropp og eit øydelagt immunforsvar, etter månader og kan hende år med ubehandla infeksjonar og dårlig ernæring. Han var halvparten så gammel som han kunne ha blitt, og hadde levd storparten av sitt liv med smerter, svolt og kulde. Eg var så forbanna og fortvila at eg kunne skrike.

Denne skildringa er heilt sann, og er har opplevd varianter av den alt for mange ganger. Det einaste faktum som er endra er at det dreier seg om ein katt – ikkje ein hund. Les teksten ein gong til, og set katten inn der hunden er nevnt. Føler du det same når du les? Burde du ikkje det? Kvifor meiner nokon at det er greit at mange katter har det slik, medan ein ville ha ropa ut dersom du såg ein hund i same situasjon?

Ingen dyr skal lide slik. Ta ansvar for eigne dyr, lite eller stort, gratis eller kostbart, ungt eller gammalt. Lidinga til dyret ditt er den samme uansett kva verdi det har i kroner og øre. Og ta telefonen som er nødvendig for å varsle om andre dyr som ikkje har det godt. Dyrlegen eller ditt lokale Mattilsyn hjelper deg.

Kommentarer


Utrolig trist…

Jammen godt vi har en dyrlege som Hanne Kristensen,som viser slik omsorg for både mennesker og dyr:)

Hanne
Jeg blir like sint om det er hund eller katt!
(uansett dyr forresten)
Det er ikke lov å behandle sine dyr på den måten.
:
Noe jeg ville ønske var her i landet:
Dyrepoliti !
Det hadde vi trengt i dette “perfekte” land vi bor i.
.
Håper dere veterinærer jobber for det.
For vi vanlige dødelige blir jo aldri hørt.
Da mener jeg et dyrepoliti med politimakt,
som kan arrestere folk og føre saker for retten for dyret.
Da skulle jeg vært glad den dag noe slikt kom.

Ha en fin dag.☺

Takk, Hanne…