Berre eit dyr?Eg fekk ein telefon frå ei dame mot slutten av arbeidsdagen i forrige veke; “Det ligg ein sjuk hund under noko buskas ved inngangen til asylmottaket på Krokane, han berre ligg og ser ikkje ut til å ha det bra”. Eg ba ho om ho kunne komme til dyreklinikken med hunden, men ho hadde ikkje tid og ville ikkje grise til bilen; det regna og hunden var våt og skitten. Eg satte meg i bilen og tenkte eg kunne sjå til han på vegen heim, så gale kunne det vel ikkje stå til med han? Under nokre busker fann eg ein avmagra, våt og skitten liten hund. Eg kunne telje kvart ribbein og ryggrada sto ut som eit grotesk skjelett med eit gammalt skinn tredd utpå. Det rann puss frå begge auga hans, og munnen var berre eit betent kaos av brukne tenner og materie . Han prøvde å pipe, men det kom berre små ul or munnen på han. Han pusta med heile kroppen for å få luft til dei slitne lungene sine. Han var gjennomvåt, kald og skitten. Eg pakka hunden inn i eit teppe, og raste tilbake til dyreklinikken. Raste både fartsmessig og mentalt, over folk som kunne late dyret sitt ha det slik, og andre som kunne gå forbi i dagesvis og vekesvis utan å reagere. Han fekk varme, intravenøs vøske, medisiner og næring. Han slikka handa mi til tross for at all kontakt han må ha hatt med menneske den siste tida i sitt liv må ha vore negativ. Han døde etter nokre timer, ein utsliten kropp og eit øydelagt immunforsvar, etter månader og kan hende år med ubehandla infeksjonar og dårlig ernæring. Han var halvparten så gammel som han kunne ha blitt, og hadde levd storparten av sitt liv med smerter, svolt og kulde. Eg var så forbanna og fortvila at eg kunne skrike. Denne skildringa er heilt sann, og er har opplevd varianter av den alt for mange ganger. Det einaste faktum som er endra er at det dreier seg om ein katt – ikkje ein hund. Les teksten ein gong til, og set katten inn der hunden er nevnt. Føler du det same når du les? Burde du ikkje det? Kvifor meiner nokon at det er greit at mange katter har det slik, medan ein ville ha ropa ut dersom du såg ein hund i same situasjon? Ingen dyr skal lide slik. Ta ansvar for eigne dyr, lite eller stort, gratis eller kostbart, ungt eller gammalt. Lidinga til dyret ditt er den samme uansett kva verdi det har i kroner og øre. Og ta telefonen som er nødvendig for å varsle om andre dyr som ikkje har det godt. Dyrlegen eller ditt lokale Mattilsyn hjelper deg. Forferdelig.Hei . Kan noen gi meg tips eller forklaring? Kva slags hund skal eg velje?Eg lurer på å kjøpe meg hund, men synest det er vanskeleg å velje rett rase. Ofte får eg ulike opplysningar om same rase dersom eg les i ulike bøker, på nett eller spør folk som skal ha kjennskap til rasen. Korleis veit eg om ein rase passar til meg eller ikkje? - Du må berre halde fram slik du har starta; å hente inn informasjon frå mange kjelder. Mi erfaring er at mange oppdrettarar ikkje er flinke nok til å informere om dei negative sidene hos “sine” rasar. På internett kan kven som helst leggje ut informasjon som fakta, så her er det viktig å ikkje sluke rått alt du les. Det viktigaste når ein skal velje rase er å vere ærleg mot seg sjølv, slik at ein ikkje berre vel ein hund ein synest er vakker. Kan du til dømes verkeleg gje ein setter den mosjonen han treng, eller gidd du børste dagleg og bade kvar veke ein ihasa apso? Ein border collie kan verte verdas beste kompis, men får han ikkje nok hjernetrim eller anna utløp for instinkta sine, kan han like godt verte eit nevrotisk vrak som et føtene dine under bordet. Er du svak for bedande auge og glad i å ha kaker på bordet, bør du kanskje ikkje kjøpe deg ein springer spaniel, og dersom du bur i ei lita leilegheit og køyrer Morris Mini, er riesenschnauzer utelukka. Spøk til side: Valet av rase vil bety mykje for deg i minst ti år fram i tid, så bruk tid på å velje rett. Mange rasar har òg helsemessige problem det kan vere greitt å vite om, det kan ein dyrlege fortelje deg meir om når du finn ein aktuell rase. Lykke til! Helsing Hanne Naboen er ikkje snill mot katten sinI nabolaget vårt er det ein familie som har ein katt som eg ikkje synes dei steller som dei bør. Han går ute heile tida, er flokete i pelsen, og eg har fleire gonger sett at han går rundt og haltar med betente sår. Eg trur heller ikkje han er kastrert. Han kjem ofte på døra mi, og eg klarer ikkje å la vere å gi han mat. Det er så tydeleg han nyt å få komme inn litt, få litt kos og ete seg mett. Eg har tenkt på å ringe dyrevernet mange gonger, men er det nokon vits i? Kan eg ta han med til dyrlegen å få han avliva, så har han det i alle fall ikkje vondt? Dei han bur hos bryr seg jo ikkje om han. - For å ta det siste først; Nei, dyrlegen kan ikkje avlive katten utan tillating frå eigar. Då skal misleghaldet vere så graverande at avlivinga skjer av dyrevernmessige årsaker, og den terskelen er høg. Alle kan ringe inn ei bekymringsmelding til Mattilsynet, som er dei som har ansvaret for å ta seg av dyrevernssaker. Slik kontakt kan vere anonym. Din lokale dyrlege kan òg formidle vidare ei slik melding for deg. Situasjonen du beskriv kjenner eg dessverre altfor godt. Dersom ein som katteeigar kjenner seg igjen i eit slikt dyrehald, bør det vere ein vekkar at svært mange medborgarar vil vurdere deg som ein dyremishandlar. Helsing Hanne Dyrlegen
Følges av 18 medlemmer.
I papirutgåva til Firdaposten har dyrlege Hanne Husebø Kristensen lenge hatt ei fast spalte. Her kan du sjå noko av det lesarane lurer på, kommentere og sende inn spørsmål til Dyrlegen sjølv. Hanne driv også Flora Dyreklinikk Dyrlegen er en sone på Origo. Les mer Annonse
| |||||||||||